Om oss

Harstad HesteSPORTsenter

"opplevelser for livet"

 

Gamnes gard har gnr 78 og ligg i grenda Ervik ca. 5 km frå Harstad sentrum. Gamnes var frå gamalt av ein del av hovudgarden, Ervik gard, som har gitt bygda namnet sitt. Heile matrikkelgarden Gamnes er på ca 3000 dekar, og bnr 1 er på 700 dekar. Den fyrste som vi med vissing kan seie har budd på neset, er Anders Andersen, son av Anders Olsen frå Trondheim som i 1701 satt som husmann under Ervik.

 

 

Gardshistoria

Gamnes blei 17. mai 1832 skilt ut som eigen gard. Namnet er fyrst kjent frå notat frå den gamle Ervik gard, då fleire av husmennene hadde plassen sin på Gamnes. Namnet kjem nok av ordet gamme, sidan det fans gamle gammetufter i nærleiken av der kor brygga ligg, og i følgje kjeldene fans det fram til 1744 ikkje nokon andre hus enn gammar på garden. Litt lenger inn i marka, ved Storsletta, fins det rester etter jordgammar, som ein samefamilie etterlét seg omkring 1770. Desse restane vert skreve inn i SEFRAK-registeret.

 

I 1832 då garden blei skilt ut frå Ervik, sat ein Rasmus Valberg som husmann, men sidan garden blei lagt ut til Birgitte Killengren haldt han fram som ein bygselmann for ho, inntil ho i 1835 blei gift med Klaus Lampe. Lampe sette opp eit torvgjerde mot utmarka (no kalla Lampegjerdet). Han fraus tragisk nok i hel i 1838 etter ein 14 dagars «rangel». Etter fleire eigarar kom garden i hendene på Martinus Norom som var gift med Elisabeth Sofie Hay frå Bjarkøy. Elisabeth tok med seg ein son inn i ekteskapet, Aron Lund Arnesen, og Martinus drog i 1858 heile garden over til stesonen for 700 spesidalar. Aron selde derimot samtidig halve garden (bnr 3 Gamnes) til Lars Olai Berntsen for 650 spesidalar. Aron Lund Arnesen tok då over den vestlige delen av garden (bnr 1) og blei gift med Inger Margrethe Edisdotter frå Varmedal. Aron var ein føregangsmann når det gjaldt sildenotfiske, men var også ein interessert gardsbrukar. Han fødde i 1875 ein hest, åtte storfe og 17 sauer, og i 1884 bygde han den store hovudbygningen på bruket. I 1905 blei ein tredjedel av garden skilt ut til Edias Aronsen, broren til Arne Aronsen (bnr 6 Frydenlund).

 

Det har vore opptil sju husmannsplassar under Gamnes. Gamnesstranda, Fredrikhågen og Tennbakken er tre eksemplar. Det finnes diverre få skriftlege kjelder om disse.

 

 

Nyare tid

I 1950 tok Rolf David Eggum (f. 1925) frå Rånås i Akershus saman med Inger Margrethe Eggum, f. Aronsen (f.1922, d.1996) frå Gamnes, over garden bnr 1 Gamnes. Dei fikk seks born, kor av eit døydde i barselseng. Dei dreiv garden fram til 1984 då noverande eigarar kjøpte og overtok garden.

 

Inntil 2005 var Gamnes eit gardsbruk med kjøt- og mjølkeproduksjon. På slutten hadde garden økologisk mjølkekvote på 197,5 tonn per år. Gamnes gard er sidan 2005 omlagt til å vere ein «inn på tunet»-tilbydar, og vertsgard for Harstad hestesportsenter med Stall Oldersletta (18 stallplasser) og Stall Gamnes (35 stallplasser)([www.gamnesgard.blogspot.com]). Eigarane er Vivi-Ann Sandnes Eggum og Oddmund Eggum, som kjøpte opp garden frå Oddmund sine foreldre i 1984. Dei har tre born Vibeke (f. 1984), Mia (f. 1986) og Erlend (f. 1988). I tillegg har to fosterborn budd i familien. Eigarane har strukturbåten M/S «Varodden» som er 16,5 meter, 56 fot.

Harstad HesteSPORTsenter, Gamnes Gård, 9402 Harstad